Gå til sidens hovedinnhold

Vellukka debut på landslaget

Artikkelen er over 7 år gammel

FOTBALL: Jan Ruben Sleen frå Voss debuterte fredag på G17-landslaget.

Kampen Island – Noreg endte med 1-2.

- Jan Ruben spelte heile kampen og gjorde ein god debut, melder Helge Nilsen i fotballaget Brann.

Sleen, som akkurat har fyllt 17 år, er til vanleg elev ved fotballinja på Tertnes vidaregåande skule.

Han har tidlegare spela for Voss og Ørnar. Som Ørnar-spelar vart han invitert til å vera med på eit talentprosjekt med Brann. Og som 13-14-åring meldte han overgang til storklubben.

- I nokre sesongar var det rett frå skulen på Voss til trening på Nymarksbanen i Bergen, fortade han Hordaland i sist veke. Då var han spent på landslagsdebuten, men får no altså gode skussmål for spelt kamp.

Kommentarer til denne saken