Gå til sidens hovedinnhold

Voss ute av cupen

Artikkelen er over 7 år gammel

Fbk Voss-damene tapte 1. runde i cupen mot 1. divisjonslaget Kaupanger.

Knapt to minutt ut i kampen skåra bortelaget kampens einaste mål. Martine Wolff Nesse tek eit frispark frå om lag 18 meter og set ballen enkelt forbi Ingvild Stavenes i heimelaget sitt mål.

1. omgang var nokså tam frå heimelaget si side, og bortelaget leia fortent til pause. 2. omgang skjedde det mykje meir på grasbanen. Bortelaget hadde flest sjansar, men Voss hadde den største, då Sanna Skulstad Dregelid sende ein god passning til Birte Øvsthus, som kom åleine med keeper. Øvsthus skaut rett på Ingrid Nornes i Kaupanger-målet i 57. minutt.

Anne Mari Haugland Flisram, som vart matchvinnar i dei to siste seriekampane, starta på benken. 63. minutt ut i kampen kom ho inn, og 79. minutt ut i oppgjeret var ho nære på å utlikna, men keeper slo ballen til hjørnespark.

- Me spelar ein god kamp. Motstanden i dag er langt betre enn Nymark, som me slo sist helg. Så dette er eit steg i positiv retning, seier trenar Nils Helge Kvamme.

Kaupanger-trenar Per Are Verlo er glad for å ha fått ein bortesiger og håpar på å få eit toppserielag på heimebane i 2. runde.

- Me burde ha skåra fleire mål i dag, men me er glade for å ha teke oss vidare på bortebane, seier Verlo.

Kommentarer til denne saken