Var det kaldt då du stod opp onsdag morgon? Det stemmer nok.

Det var nemleg kaldare temperatur onsdag morgon, truleg den kaldaste morgonen denne sesongen.

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid hjå Vêrvarslinga på Vestlandet seier til Hordaland at den lågaste temperaturen på Voss var onsdag morgon mellom 05 og 06 då gradestokken viste -12,3 grader.

– Dersom ein ikkje er glad i kulde, må ein berre stålsetja seg no, seier Fagerlid.

Elles kan meteorologen opplysa om desse temperaturane i området:

Bulken: -9,8 grader.

Mjølfjell: -13,9 grader.

Myrkdalen: -11,9 grader.

Finse: -29,3 grader

Kaldare neste veke

Ifylgje prognosane hjå vêrvarslarane vert det kaldare neste veke.

– Det vert kaldare og me får austavind. No vert det ein periode med vintervêr, og neste veke ventar me temperaturar ned mot -20 grader, seier Fagerlid.

Elles melder meteorologen om snøfall i helga, og denne snøen kjem til å leggja seg.

– Det er gunstig at snøen kjem før temperaturfallet neste veke. Snøen isolerer, og vil vera god å ha då.