Alle utrykkingseiningar rykte ut til Vallaviktunnelen fredag føremiddag etter at ein 53 år gamal mann fekk store mengder straum gjennom kroppen under arbeid i Vallaviktunnelen. Korleis ulukka skjedde er førebels uvisst.

Mannen ligg no alvorleg skadd på Haukeland universitetssjukehus med det som truleg er brannskadar.

Redningsmannskap og luftambulanse rykte ut då meldinga om hendinga kom fredag føremiddag. Mannen vart frakta med luftambulansen til Haukeland universitetssjukehus der han no får intensiv handsaming.

– Tilbakemeldingane til oss er at ein mann har fått straum gjennom seg, men dette er ubekrefta meldingar. Detaljar i saka kjenner me førebels ikkje til, sa lensmann Ivar Hellene ved Voss lensmannsdistrikt kort tid etter hendinga.

Tunnelen på riksveg 7 i Granvin herad er stengt inntil vidare, opplyser Ove Amundsen, vaktoperatør i vegtrafikksentralen.

Trafikken vart, etter ulukka, dirigert inn på fylkesveg 572 over Espelandsdalen.

– Det er ikkje anna enn nokre trailerar som står her og ventar, fortalde Hordaland sin journalist i Granvin, Sigrid Seim ein knapp halvtime etter ulukka.

Gunn Iren Brenden ved Voss lensmannsdistrikt opplyser til Hordaland at mannen var medviten då redningsmannskapa kom og tok hand om han.

Arbeidstilsynet er også varsla, og vil granska ulukka.

Klokka 14.00 i ettermiddag melde politiet at vegen var opna att for kolonnekøyring.