Det var rundt klokka 13.30 onsdag politiet fekk melding om ei trafikkulukke ved Tunsbertunnelen.

Ingen av dei involverte vart alvorleg skadde, men fleire av dei vart køyrde til lege for sjekk då ein bubil som skulle svinga av Rv.13 ved Skjervet vart påkøyrd bakfrå av ein annan bil i ettermiddag. Det vart så pass store materielle skadar at begge bilane måtte ha hjelp frå bilberginga for å koma seg der i frå, fortel Håvard Skattum ved Voss lensmannsdistrikt til Hordaland.

Ambulanse vart rekvirert og tre personar frakta til legesjekk.

– Det går tilsynelatande bra med dei involverte, skriv Hordaland politidistrikt på Twitter.

Begge bilane er no ute av vegbanen, og trafikken går som normalt på staden.