– Me har valt siste laurdagen i skuleferien for at dette skal kunna verta ein stor folkefest for Hardanger, seier prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen. Planlegginga av bruopninga har pågått ei tid. Men avtalar om endeleg program har rimeleg nok vore hemma av manglande avklaring på opningsdato.

Opningsmarkeringa vil starta i Vallavik, der det vert program for publikum før sjølve opningshandlinga, som vert litt seinare på dagen, ute på brua ved tårnet i Vallavik.

Det er også planlagt ein stor folkefest i Eidfjord om ettermiddagen og kvelden 17. august.

Dei to endeseksjonane på køyrebanen på brua er no kome i rett posisjon, men det står framleis att litt sveisearbeid her. Det er også att mykje anna arbeid før Hardangerbrua kan opnast for trafikk. Det er ikkje berre måling, elektroarbeid og asfalt, men og mykje anna – til dels komplisert tilpassingsarbeid, opplyser Vegvesenet.