– Me passar på at tunge køyretøy vert sleppt av garde med eit visst mellomrom, forklarar Jan Terje Iversen i Opedal & Sønner. Han stoppar vogntoga i Granvin når fleire kjem i fylgje, og slepper dei av garde eitt om gongen.

Liknande dirigering er i gang i Kvanndal og i Øystese, opplyser han. Torsdag heldt det på å korka seg langs fjorden, på vegen som er omkøyringsveg så lenge E 16 er stengd ved Stanghelle.

– Det går helst greitt, særleg med dei lokale sjåførane som er godt kjende på vegane her. Annleis kan det vera når fleire utanlandske vogntog kjem i fylgje, seier Jan Terje Iversen.

Onsdag kveld var det full stopp for trafikken på Fv 7 mellom Øystese og Rykkje, då eit vogntog hadde hamna i grøfta i møte med ein annan trailer.

– Det kjem til å verta stor trøkk på Fv 7 fredag, seier vaktoperatør i Vegtrafikksentralen, Roger Lemme.

Det er venta mykje trafikk av både tunge køyretøy og auka trafikk som fylgje av folk som skal bort i helga. Skarverrennet går også i helga, det vil auka trafikken ein heil del, trur Lemme.

– Me lyt berre oppmoda folk om å rekna seg god tid. Det vil vil fortløpande verta vurdert om trafikkdirigentar skal plasserast ut i Granvin, Kvandal, Laupsa og Øystese for å dirigera trafikken gjennom dei trongaste stadene.

– Det er meldt frost i helga, kva har det å seia for rasfaren?

– Det er rasfare no og skulle det oppstå eit steinras også på Fv 7, slit me, seier Lemme.

Det er også planar om å køyra hyppigare kollonnar gjennom Vallaviktunnelen fram til dei opna tunnelen heilt for trafikk frå klokka 15.30 i ettermiddag.