Om vindretninga er rett er det mogeleg å gå etter lyden, den muntre pratinga kan avsløra dei. Men for kjende er tilhaldsstaden lett å oversjå, tett innunder eit bergalag i Treldalen, i terrenget eit par hundre høgdemeter over Holven.

Damene er langt frå åleine om å bruka det velutstyrte krypinnet, men har ein stor del av æra for at staden er vorten til.

– Det er Gerd, ho har vore speidar, veit du. Me gjekk ofte tur oppover her, og ofte regna det, forklarar Kirsten Holven.

– Me skulle hatt ein gapahuk å koma inn i, når vêret var dårleg, meinte Gerd Medås.

Støtteapparat

Det er over ti år sidan ideen var sådd. Damene sette i gang med å få reist ein gapahuk, og fekk uventa hjelp av ein mentor, som dei kallar det. Ivar Trå såg at gjengen (der kona hans er ein av deltakarane) kunne ha bruk for litt hjelp. Den endelege plasseringa vart funnen, og bygginga gjekk slag i slag. Damene gjorde sin del av arbeidet, men innimellom var det til dømes ordna med ei stor steinhelle til bord. Ein annan gong hadde det plutseleg kome på plass ein omn – ein modifisert «hanna kvanmo» – som kunne brukast både til grilling og koking.

Denne solrike vårdagen er det fyr i omnen, til å varma fiskesuppa som står på menyen for dei åtte veninnene. Kirsten har ansvaret, for denne dagen er ho vertinne for klubben. Gjestene merkar godt at ho har lagt si sjel i suppa.

Til drikke vert det servert vatn frå oppkoma i nærleiken, kvit vin og raud brus. Nysteikt flatbrød og lune baguettar dukkar også opp.

Saman utgjer dei godt vaksne kvinnene «Vandreklubben». Dei starta med å gå turar som del av klubbmøta sine, dei kunne ikkje bruka all tida på handarbeid og mat. Dessutan sette dei seg eit mål, dei ville gå deler av pilgrimsruta til Santiago de Compostela.

– Dermed måtte me ut!

Sykkel og komler

Den vellukka pilgrimsturen vart gjennomført med ei vandring på fem-seks dagar og til saman 13 mil, langs den historiske ruta i Spania. Neste felles tur vart sykkeltur i Moseldalen.

– Før det trena me mykje på sykkel. Me sykla frå Granvin til Voss, og åt komler på kafé, skrattar dei. Andre aktive turar kan dei også sjå attende på.

– Me har det veldig koseleg i lag! Men me vert eldre, og somrane vert kortare, er inntrykket dei har. Når medlemene i klubben legg i veg oppover lia mot gapahuken, er dei ikkje vanskelege å lokka.

Fuglesong og blømande kvitveis fylgjer dei ein vårdag som denne. Veninnene er motiverte både av trimmen og av trivnaden som fylgjer med.

– Me går alltid på tur, i allslags vêr, forsikrar dei.

– Då løyser me både verdsproblem, og me løyser Granvinsproblem. I gapahuken har det vorte feira runde dagar, og dei har markert jonsokaftan grundig og lenge.

– Det vart for myrkt til at me kunne gå heim att, så då sat me like godt til det lysna, og fuglane tok til å syngja!

Variert meny

Dei har vore samla i gapahuken for å koka smultringar, og dei har laga risgrynsgraut på omnen. Humringa i flokken antydar at det ligg noko meir i historia om grauten.

– Nei, det gjekk bra det. Det var berre det at det vart utsett så lenge.

– Eg hadde kjøpt inn marsipangris som premie til den som fann mandelen, men grisen var oppeten før me fekk kokt graut, tilstår Valborg Eide.

Samveret i klubben har vore til stor glede for damene, som er samansett av både bestemødre og oldemødre. Sigrid Hausnes Ryberg er i alle fall svært takksam for at ho vart teken med i gjengen.

Som utflytt gravensar har ho dei seinare åra fått meir tid å bruka i huset ho har i heimbygda. Men det var ikkje heilt som før, ikkje så mange å snakka med, i starten.

– Eg sat på kyrkjegardsmuren og stura ein dag, då Gerd kom forbi. Ho fekk høyra kva som plaga meg, og sa at dette burde det gjerast noko med.

Det gjekk ikkje mange dagane før ho kom på døra med potetkaker ho hadde bakt. Og slik starta det, eg søkte om opptak i klubben og fekk vera med. Det er eg veldig takknemleg for!

– Å, men det er ein eksklusiv klubb, - og no er det opptaksstopp, ler dei andre.

Deler sorg og glede

I klubben er det lov både å le og å grina. Av og til ler dei så dei gret, andre gonger er det omvendt. Alle har sitt, kommenterer dei. Tristast er det at dei har mista ei av veninnene i kreft, endåtil den yngste av dei.

Sommar som vinter har dei samlingar i gapahuken. Førre vinteren heldt dei på å verta stoppa av isen som krya over vegen, men då tok dei heller vegen over Heiane, og kom fram likevel. Gapahuken har vore så solid og så klokt plassert at vêret ikkje har klart å øydeleggja for dei.

– Og me har do òg, vil du sjå han?? Den laga me på ein halvtime!

Også den konstruksjonen er laga på speidarvis, meir treng ein ikkje seia om det.