Ulukka vart meldt kl 6.45, og brann- og redningsmannskap rykte ut til bilen som sperra eine køyrefeltet i svingen rett nord for Gullhammartunnelen. Kvinna vart teken hand om av ambulansepersonell, tilsynelatande berre lettare skadd.

Spora på staden tyder på at bilen har kome i retning frå Voss, og har køyrd opp på grasvollen ved sida av vegen før han har velta over på taket. Til alt hell stogga ferda her, for berre få meter utanfor grasvollen er det eit bratt stup mot Granvinsvatnet.

Det var berr, men glatt asfalt på staden då ulukka hende. Trafikken vart dirigert forbi ulukkesstaden til bilen vart fjerna i 8-tida.