Med ei høgde på 23 meter og si spesielle form, skil portalen seg ut frå vanlege veganlegg, skriv vegvesenet på nettsida si.

Det er brukt nærare 800 kubikkmeter betong på konstruksjonen. Portalen er bygd med tilsaman 22 støype-rundar, og arbeidet har pågått i rundt åtte månader.

Portalen på Bu - på motsett side av fjorden - er 15 meter høg. Utforminga av dei to store tunnelportalane på Hardangerbrua er gjort av Pål Jørgensen ved Forum arkitekter i Bergen.

Ideen med dei høge portalane er å gje ei betre oppleving for trafikantane som kjem ut frå tunnelane til brua.

På denne måten får ein tidleg utsyn mot brutårna og fjordlandskapet når ein kjem frå tunnelane. Samstundes er det ekstra markerte innslag i tunnelane når ein har kryssa brua, heiter det.