På sine nettsider opplyser Statens vegvesen at vegen mellom Bruravik og Ulvik vert stengd i periodar inntil ein time frå måndag til torsdag. Slik skal det vera ved Torgilsberget heilt fram til 29. august.

Drosjesjåfør Svein Hansen vart difor forbausa då han kom til stengd veg i dag, fredag.

– Vegvesenet har ikkje opplyst at dei skulle stengja vegen i dag. Men det har dei altså gjort, noko eg tykkjer er kraftig irriterande, seier Hansen.

Dermed vart han hefta med kø-ståing ved Torgilsberget. Der fekk drosjesjåføren tid til å sjekka informasjonen frå Vegvesenet på nytt, men fann ingenting om stengd veg.

– Dei kan ikkje stengja utan fyrst å opplysa om det, meiner han.

Bjørn Giljarhus i Statens vegvesen stadfestar at vegen vart stengd i periodar fredag.

– Grunna frost og seinare mildvêr frykta me for tryggleiken til trafikantane. Me måtte gjera ein del vedlikehald før helga, og tok dagen i dag til hjelp. Me kunne ikkje gjera noko anna, seier han.