Israset dekka heile vegen, slik at heile fylkesvegen i nærleiken av Folkedal vart stengd. Raset vart meldt inn til vegtrafikksentralen torsdag kveld klokka 20. 45 og vel ti minutt seinare (kl. 20.58) kom neste meldinga inn. Vegen var opna att for trafikk. Raset kom ved Haukanesberget og det var ein brøytebil som kom til like etter at det hadde rasa som fekk rydda bort isen frå vegen..

Truleg er det is som har kome ned frå lia ovanfor vegen, meiner byggjeleiar i Statens vegvesen,Kåre Olav Aldal, og legg til at han ikkje trur det ikkje er fare for fleire slike ras så lenge det er er så kaldt i lufta.

– Isen vert liggjande i ro og losnar heller ikkje frå skjeringane i slike temperaturar, seier han.