- Me veit at det er mykje trafikk og trongt om plassen, seier Hanne Norheim ved Vegtrafikksentralen. Skarverennet og stor helgeutfart gjer at mange bilistar er på vegane. Sidan E16 er stengt, går mykje av trafikken via Hardanger.

På vegen mellom Norheimsund og Granvin er det saktegåande kø, og i periodar er det full stogg og kaotiske tilstandar.

Ved Folkedal var køen nærast stilleståande ved 17-tida fredag.

Vegtrafikksentralen opplyser at det i ettermiddag og kveld er folk ute og dirigerer trafikken.