Det var like etter klokka 12.00 onsdag at ein bil dundra inn i fjellveggen ved Lussandberget i Granvin herad.

Sjåføren i bilen, ei kvinne, vart lettare skadd i samanstøyten. Politiet, som også rykte ut til ulukka, merka at det lukta alkohol av kvinna. Dermed vart ho teken med til sjukehus for å avgje naudsynte dråpar blod, opplyser politioverbetjent Jostein Skeie, ved Voss lensmannsdistrikt.