Kva som er årsaka til at trafikken står er førebels ikkje kjend, men truleg dreiar det seg om fleire tunge køyretøy som har problem med å koma forbi kvarandre på fleire av dei smale partia på fylkesvegen mellom Kvanndal og Ålvik.

– Politiet har ikkje reist ut ut på denne meldinga, det er Statens vegvesen sin entreprenør som står for trafikkdirigeringa der, fortel Einar Bystøl ved Voss lensmannsdistrikt.

– Me har sendt ut trafikkdirigentar til fylkesveg 7 for å løysa opp i nokre flokar, men korleis situasjonen er der no, veit eg ikkje, sa trafikkoperatør Thore-Andree Halland i vegtrafikksentralen til Hordaland klokka 13.45 i ettermiddag.