Den travle sjåføren i midten av 50-åra trudde nok han var åleine på vegen då han trakka ekstra hardt på gasspedalen gjennom Tunsbergtunnelen seint onsdag kveld.

Det var klokka 23.00 at utrykkingspolitiet hadde stilt seg opp i tunnelen for å måla farten på trafikken. Dei trong ikkje venta lenge før ein travel bilist kom køyrande i stor fart. Målinga på politiet sin fartsmålar synte at han hadde 110 kilometer i timen.

Vanlegvis slepp ein førarkortbeslag i slik fart, men sidan sjåføren hadde pådrege seg åtte prikkar i førarkortet frå før vart han førarkortlaus, opplyser Edvin Kaldestad ved Voss lensmannsdistrikt til Hordaland.