Tunnelen vert stengd for trafikk frå klokka 22 og til kl 6 neste morgon, på grunn av arbeid som skal utførast. Dette gjeld natt til 22. mai, 23. mai og 24. mai. Utrykkingskøyretøy vil få passera, men elles vert det vist til omkøyring på Fv 572 over Espelandsdalen.

– Stenginga skuldast at deler av tunnelen skal kvitkalkast. Det gjeld mellom anna rundkøyringa, der tak, vegger og fjellstabben i midten skal kalkast, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Geir Brekke i Statens vegvesen.

– Kan hende vert arbeidet ferdig på to netter, men me tek høgde for at det kan vera bruk for tre netter når me varslar stenginga, seier han.