Statens vegvesen lyt krypa til korset etter lovnad om å opna vegen i Skjervet for biltrafikk til påske.

– Vår entreprenør har både brøyta og høvla vegen i Skjervet, men Statens vegvesen vil likevel ikkje opna vegen for biltrafikk enno, fortel Einar Selland ved Statens vegvesen.

Årsaka er at det ligg ein is-sole på vegen som vil krevja ein høgare beredskap, fortel han og legg til at bommane ikkje vil verta opna med det fyrste.

Det kalde vêret dei siste vekene får sin del av skulda.

– Syklistar kan fint koma seg både opp og ned Skjervet om dei lyftar syklane sine over bommen, og elles er varsame på dei partia det er glatt, fortel han.