Til alt hell er det ei øving det gjeld. Tunnelen vert stengd for trafikk mellom kl 9.30 og kl 12, i samband med denne øvinga. Ein kontainer vil verta tent på inne i tunnelen, for å simulera ein bilbrann. Brannvesen, politi og andre redningsetatar i Voss og Hardanger vil vera med på øvinga.

– Gjennom øvinga skal ein få testa styringssystemet, radiosambandet, og sjølvsagt sløkkinga av brannen, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Geir Brekke i Statens vegvesen.

– Øvinga er også viktig for sikkerheitsgodkjenning av Vallaviktunnelen og dermed for opninga av Hardangerbrua 17. august.

Vallviktunnelen vil også vera stengd natt til torsdag 20. og natt til fredag 21. juni. Det skuldast at det framleis er att litt arbeid i tunnelen, slik at tunnelen vert stengd mellom kl 22.30 og kl 6.00. Det vert avvikla kolonnekøyring med ledebil tilpassa ferjetidene ved Bruravik-Brimnes desse nettene.