– Me skal møta entreprenørane måndag og sikra ei oppfylging av dette som lukkar avvika som er påviste, seier prosjektleiar Øivind L. Søvik i ei pressemelding om saka.

22. juli var Arbeidstilsynet på ulukkestilsyn på Hardangerbrua, og i samband med det gjorde dei også ein etterkontroll kring tidlegare pålegg som er gjevne rundt bruk av overtid på anlegget.

Nettleseren din støtter ikke visning av iframe. <a href="http://nordhordland.avinet.no/default_embed.aspx?id=xtTpcMnZDcerxYH" target="_blank">Du kan se innholdet i rammen her</a>

- Me har tidlegare fått melding og pålegg om at arbeidstidskontrollen bør betrast på prosjektet, det er rett. Samstundes har me avventa eit møte med Arbeidstilsynet for å diskutere prinsippa om kva ansvar som ligg til byggherre og kva som høyrer til entreprenørane å følgja opp. No har det kome eit klart pålegg til begge partar om kva som blir forventa, då skal me sjølvsagt gjera vårt for å imøtekoma og lukka avviket, seier Øivind L. Søvik, som er prosjektleiar på Hardangerbrua.

Møte neste veke

Han fortel at Statens vegvesen Region vest skal møta hovudentreprenør og underentreprenør tidleg i neste veke.

- Det er viktig at me i fellesskap går gjennom pålegget frå Arbeidstilsynet og samordnar oss på ein god måte. Som byggherre vil me også sikra oss betre kontroll av arbeidstida i tida framover på dette prosjektet, seier Søvik.

- Men kvifor har de ikkje gjort dette før, Arbeidstilsynet har påpeika stor overtidsbruk også tidlegare i sommar?

- Me har hatt ein diskusjon med Arbeidstilsynet om ansvaret vårt og at det kan vere prinsipp der som me ynskjer å sjå nærmare på. Mitt inntrykk har vore at Arbeidstilsynet ville drøfte dette nærmare etter ferien. No er dei klare på kva som blir forventa i samband med ferdigstilling av Hardangerbrua, og då følgjer me sjølvsagt opp det, seier Søvik.

Dagmulkt

Arbeidstilsynet gir 50.000 kroner i dagmulkt dersom ikkje tilhøva blir betra innan 2. august. Dei politimelder også Statens vegvesen Region vest ilag med entreprenørane for dei brota som er avdekka.

- Me ynskjer ikkje å kommentera politimeldinga, det må Arbeidstilsynet svara på. Me veit for lite om grunnlaget men vil samarbeida på ein god måte dersom det blir etterforsking, seier Søvik.