– I alt er det sett av 1,3 milliardar kroner til rassikring av Rv 13 på strekkja Granvin-Jøsendal i planperioden. Av dette er det planlagt 270 mill. kr til Joberget, med oppstart i fyrste del av planperioden, seier Sigrid Brattabø Handegard. Ho er politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet.

– Løyvinga til Joberget føreset at det også vert betalt inn 150 mill. kr i bompengar, gjennom Vossapakko. Dersom det er lokal oppslutnad om ei slik løysing, inneber det at staten tek 60 pst av kostnaden, og at bompengedelen vert 40 pst, seier Sigrid Brattabø Handegard.

Rassikringsmidlane på Rv 13 skal også gå til sikring av Deildo i Ullensvang, med 290 mill. kr. I andre del av planperioden kjem midlar til rassikring av strekkja Jøsendal-Tyssedal, med 580 mill. kr.

– Alt i alt er dette ei betydeleg sikring av Rv 13. Det viser at Nasjonal Transportplan ikkje berre handlar om dei store, nye prosjekta, seier ho.