Måndag hadde Sparebanken Vest siste opningsdagen for avdelinga i Granvin.
Kunden frå Hallanger skaffa seg kontantar over disk, og forklarer at ho har kort òg, men at ho ikkje har teke det i bruk enno.
– Mannen min får problem, for han har ikkje kort heller, seier ho.
Det kan likevel ordnast, Borgny Spord og Rigmor Onarheim i banken er ikkje seine om å finna fram papira som skal til for å få løyst vanskane.
– Eg trudde de hadde kaffi og kake i dag, seier neste kunde som kjem inn. Snefrid Røynstrand ville elles berre seia takk for no.