Midt inne i den 24 km lange tunnelen såg han i spegelen gneistrane som sto oppetter høgresida. Han konsentrerte seg deretter om å koma til første lomme med plass til å køyra ut, forklarte han til NRK Sogn og Fjordane seinare.

– Og då slo flammane ut, sa Holven.

Fekk hjelp

Sjåføren frå Granvin var på veg frå Oslo til Bergen ei last på 15 tonn matvarer. Føraren av eit anna vogntog fekk med seg kva som var i ferd med å skje. Saman tok dei i bruk brannsløkkingsapparat i tunnelen, for å halda flammane i sjakk til brannvernet kom.

– Dei gjorde ein god jobb med å dempa flammane til me kom fram, rosar brannsjefen i Aurland, Arvid Gilje, i etterkant.

Ein bilførar tilbaud seg å ta med sjåføren ut av tunnelen og berre lata semitraileren stå. Men då hadde nok heile vogntoget brunne opp, og tunnelen vorte stengd mykje lengre, meinte Jan Holven. I staden klarte brannvernet å sløkkja etter kort tid. Røykdykkarar reiv ut lause deler som brann og sløkte med skum. Tunnelen vart opna for trafikk att etter ein time.

På autopilot?

Semitraileren fekk store skadar i brannen, og er seinare frakta ut av tunnelen. Lasta er sett over på ein annan bil, og skal tilsynelatande vera uskadd.

– Det verkar som om han tok det kaldt og handla på autopilot, då det tok til å brenna. Me er berre glade for at det gjekk bra med folka, for det er det viktigaste, seier far til sjåføren, Kåre Holven.

– Det er sånt som skjer. Det er for tidleg å seia noko om kva som kan vera årsaka til at det tok til å brenna, seier han.

Vanskar med sambandet

Brannvernet i Aurland opplevde under sløkkinga at det felles nødsambandet ikkje fungerte inne i tunnelen. I området der brannen var, fungerte heller ikkje mobildekninga, opplyser brannsjefen.

– Dette er to viktige avvik som er varsla, og som det hastar med å få ordna, slår brannsjef Arvid Gilje fast.