Mellom anna gjeld det kontoret i Granvin. Årsaka er endra bruksmønster av tenestene til banken og behov for å skapa større, meir robuste fagmiljø med noko færre einingar, uttalar Rigmor Onarheim som er avdelingsbanksjef på Voss for Sparebanken Vest.

– Det er viktig å understreka at kontoret vårt i Granvin har vore veldrive i alle år, men utviklinga i finansbransjen gjer at banken må vera i forkant når det gjeld å tilpassa seg endringar. I løpet av to år har talet på manuelle banktransaksjonar i Sparebanken Vest vorte redusert med 42 prosent, medan talet påloggingar i sjølvbetente kanalar har auka med 32 prosent berre siste året. Knapt 20 prosent av kundane våre kjem innom kontora våre ein gong i løpet av kvartalet, seier Onarheim.

– Minibanken vert verande og vi jobbar med å få byta ut den gamle med ein ny, legg ho til.

Fram til nedlegging i mai/juni held banken ope som vanleg. Mellom kontora som Sparebanken Vest legg ned er også Utne, Strandebarm og Røldal.