Ved Granvinselva, nær bygdetunet, ventar Torbjørn Amundsen på at kollegaen skal leggja på plass neste stein. Eit hundre meter langt puslespel vert lagt med gravemaskin og litt handmakt, når flaumvollen skal plastrast med store steinblokker.

På det høgaste skal vollen verta tre meter høgare enn terrenget var før. Så høgt må det vera i tilfelle isgang skulle stuva seg opp ved den gamle jernbanebrua like nedanfor dei. Men dei to ved elvekanten er langt frå dei einaste i bygda som flyttar på stein, for tida.

Store blokker

På stasjonsområdet, som med tida skal verta nytt bustadområde, ligg store steinblokker bak blanke metallgjerde.

– Dette er steinmassar frå forskjæringa på tunnelanlegget i Folkedal, forklarar teknisk sjef i Granvin, Asbjørn Helleve.

For stein må heradet ha, for det som skal gjennomførast i tida som kjem.

Held flaumen på avstand

– Litt av dette vert brukt i vollen som er under bygging ved bygdatunet. Men NVE ynskjer også å koma i gang med flaumsikring langs elva ved stasjonsområdet på Eide, frå gangbrua og oppover. Her skal det plastrast langs elva og koma ein mur på toppen. Men det vert ikkje så høgt som vollen ved bygdatunet, legg han til.

- Arbeidet med flaumsikringa ved denne delen av elva kan koma i gang i august eller september, seier Helleve. Så langt har det vorte plassert rundt 1500 kbm her. For tida er det ikkje meir som vert tilkøyrt på stasjonsområdet. Etter oppmoding frå naboar er området avstengd med solide gjerde, så ingen skulle verta frista til å bruka røysa som leikeområde.

Til flaumvollen som alt er under arbeid, er det tilkøyrt rundt 1000 kubikkmeter stein. Grovt rekna femti lastebillass har det vorte, med masssar som har lege på vent etter arbeidet på Tunsbergtunnelen i Øvre Granvin. – Uti april kan det verta ferdig her, trur Helleve.

Stogga av flaum

Undervegs vart arbeidet avbrote, av flaum, rett og slett. Det var før plastringa kom i gang. No skal ikkje elva kunna stoppa dei lenger, forsikrar Torbjørn Amundsen.

– No har me kome så langt at me kan halda fram arbeidet frå toppen av vollen, viss det skulle koma for mykje vatn, smiler han.

Langt større steinmengder skal flyttast frå tunnelanlegget i Folkedal, til eit 20 mål stort område ved Skielva på Røynstrand. Eit ulendt krattområde er i ferd med å verta jamna ut, og vert fyllt opp av steinmassane som vogntoga tømmer frå seg, eitt etter eitt.

– Totalt er det snakk om ca 20.000 kbm som trengst her. Her vert det køyrt på stort og smått, frå Folkedal, seier Helleve.

– Transporten går radig. Det har vore sagt at oppfyllinga vil vara fram til jol, men med denne farten er eg usikker på om dei treng så lang tid. Steinen frå Folkedal er ein hard type, som gjev ein stabil og god masse.

Når oppfyllinga er ferdig, skal området kunna takast i bruk som bustadområde. 18-20 tomter er realistisk å få her, meiner teknisk sjef. Han registrerer at naboane viser forståing for arbeidet, og dei ulempene det kan føra til for dei.

Arbeid som høyrest

– Det er ikkje til å unngå at dette medfører både bråk og mykje ekstra trafikk. Men dei er veldig tålmodige.

Frå før har den kommunale vegen fram til området naturleg fartsdemping i form av store humpar. Vidare i byggefeltet er det også mildt sagt skrøpeleg veg.

– Vegen skal takast til våren, med ny asfaltering, lovar Helleve. Ein del av skadane på vegen kjem av arbeidet som heradet har hatt med å skifta ut dårlege parti på den kommunale vassleidningen.

Også det nye bustadområdet ved Ski-elva treng siking mot vatn på ville vegar.

Arbeidet er i full gang, med reparering av tidlegare elveforbygging, og ny plastring i elva. Her er det spesielt sørpeskred som kan vera eit problem. Arbeidet i elva har vore eit vilkår for å få godkjent planen om nytt bustadområde. – Og til dette har det vorte henta stein som har vore lagra ved Tveito-vegen, etter vegarbeid i området, seier Helleve.

– Det er glimrande å få gjort alt dette no!

Travel transport

Og då har han ikkje nemnt arbeidet med å etablera deponi og utbetra dyrka mark hjå ein grunneigar i Folkedal. Bygginga av Folkedalstunnelen inneber at 190.000 kbm steinmassar må finna ny plass - omrekna er det snakk om heile 9500 store lastebillass. Noko skal inn att i tunnelen før han er ferdig, men Vegvesenet reknar med eit masseoverskot på 165.000 kbm i alt. Her handlar det om å flytta fjell.