Heradet får no prosjektert utbetring av taket i symjehallen, med tanke på å henta inn pris frå to-tre tilbydarar. Heile taket må fjernast, for deretter å verta hengd opp att på nye oppheng og feste, opplyser teknisk sjef Jarle Grevstad. Det vert også mykje anna arbeid i symjehallen som fylgje av dette, og symjehallen må difor halda stengt fram til påske. Overlevering av arbeidet er skissert til 11. april, fredag før palmehelga.

– Det er ein stram tidsplan, men me satsar på at det skal halda. Etter påske er det heller ikkje så mykje trykk på å bruka bassenget, og vanlegvis brukar det å verta stengt frå 1. mai, opplyser Jarle Grevstad.

– Me er sjølvsagt lei for å ikkje kunna gjera dette på ein annan måte, men tryggleiken må gå føre alt anna, seier han.

Tidleg i februar datt ei av takplatene i bassenget ned. Symjehallen vart stengd for bruk etter det. Ingen var i bassenget då dette skjedde, men undersøkingar i etterkant viser at også fleire andre takplater er lause.