Ein tankbil har køyrd inn i fjellveggen ved Folkedal. Brannvesen og politi er på veg til ulukkestaden. Sjåføren på tankbilen skal vera uskadd.

Etter det Hordaland forstår skal tankbilen stå slik til at han ikkje er til hinder for anna trafikk langs fjorden.

Er det lekkasjar frå lasta?

– Nei, det skal det ikkje vera, så vidt eg veit, men brannvesenet er varsla og er på veg ut, fortel Jostein Pedersen ved Voss lensmannsdistrikt til Hordaland.

Tankbilen var på veg i retning Kvanndal då uhellet skjedde.