Statens vegvesen må stengja Rv 13 i Vallaviktunnelen for all trafikk frå kl. 18.00 i kveld og inntil vidare. Årsaka er først og fremst dårleg luftkvalitet i den 7.510 m lange tunnelen, etter straumbrotet for ni dagar sidan.

Etter 30. januar har Vallaviktunnelen vore utan lys, naudtelefonar og ventilasjon. Det står att mykje gravearbeid for å utbetra feilen på straumforsyninga, melder vegvesenet.

– Med ventilasjonsviftene ute av drift vert luftkvaliteten gradvis svekka. Med fare for stilleståande kolonnar inne i tunnelen har Statens vegvesen vald å stengja tunnelen frå kl. 18.00 i kveld. Omkøyring er på Fv 572 via Espelandsdalen og Ulvik, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Geir Brekke i Statens vegvesen.

Rassikringsarbeidet forbi Torgilsberget og Eddegjelet mellom Ulvik og Bruravik vert avslutta for helga frå kl. 15.00 fredag. Det er dermed fri ferdsle forbi anleggsområdet her.

Trafikkinformasjon på www.vegvesen.no eller tlf. 175.