Fire jenter frå symjegruppa til Voss IL var i helga på Hauststemne i Nordfjordeid.
Det vart ei formidabel helg der jentene gjorde reint bord av edelt metall i Eid.
Ylva Lunde Barman, Paula Balode, Anna Aurora Trå Steine og Elmine Lillås imponerte ikkje berre trenaren med sine sterke forbetringar på dei fleste distansane dei sumde, men også klubbane frå Eid, Førde, Volda, Ålesund og Årdal fekk merka at Voss var med.
Nye personlege rekordar
Ylva Lunde Barman henta heim fire gull, og missa eitt då ho vart diska på opningsøvinga 400 meter fri laurdagen.
Ho stod ustødig på pallen ved start og fekk dermed ein disk, og den nye personlege rekorden vert dermed ikkje registrert.
På dei andre distansane stod ho fjellstøtt og sumde bra, spesielt 200 meter rygg der ho persa med fire sekund, melder mor og trenar Renate Lunde.
Paula Balode tok gull på 200 meter bryst og 100 meter butterfly, to særs krevjande øvingar. Ho presterte å persa på alle fem øvingane ho sumde, så Paula har verkeleg stor framgang for tida.
Nye i elitegruppa
Anna Aurora Trå Steine og Elmine Lillås er nyleg tekne opp i elitegruppa i symjeklubben, og denne helga beviste dei at det er her dei høyrer heime.
– Mykje og god trening har gjeve resultat, og dei forbetra seg på dei aller fleste øvingane, melder trenar Renate Lunde.
– Anna (2009) imponerte mellom anna stort med skikkeleg stor fart på 50 meter bryst, der ho fekk tida 42,3 og med det kvalifiserte ho seg til Bergen Swim Festival 2023. Ho fekk tilsaman fem gull med heim att frå Eid, seier Lunde.
Elmine markerte seg på rygg der ho har fått god framgang i både teknikk og fart, og trenar Lunde melder at ho knuste næraste motstandar på 50 meter rygg med heile ni sekund. Ho tok tre gull og ein sølvmedalje.
I tillegg tok alle fire jentene bronse som lag på 4x50 meter fri stafett. Voss var også med på to mixlag med gutar frå Førde. Trenar Lunde vart rørt til tårer av innsatsen og prestasjonane, og gler seg til neste stemne på Stord i slutten av november.
