– Arbeidet vart lyst ut med atterhald om fullfinansiering av tiltaket. Dermed er me avhengige av politisk vilje for å få det i gang no, seier prosjektleiar i Statens vegvesen Frode Lykkebø.

Då tilboda vart opna 3. april, var arbeidsfellesskapet Contexo AS og Flage Maskin AS rimelegast, med eit tilbod på vel 219 millionar kroner. Veidekke Entreprenør AS hadde eit tilbod på nær 257 millionar.

Hadde venta fleire

– Me hadde gjerne sett at me fekk fleire tilbod på arbeidet, men to er greitt, kommenterer prosjektleiaren. Han trur det kan ha verka inn på interessa at det samtidig var lyst ut eit større tilbod i Rogaland. Vegvesenet skal no kontrollrekna prisar og summar i tilboda dei har fått. I tillegg til anleggskostnadene kjem moms, og byggherrekostnader.

Fylket har budsjettert med 200 millionar over tre år til tunnelen mellom Beggevik og Lussand, men er klar over at dette ikkje er nok.

Ferdig om to år?

– Målet vårt er å kunna signera kontrakt innan 1. juni. Det inneber at finansieringa må vera på plass då, elles må me avvisa heile tilbodet. Det er fyrste gongen me har lyst ut eit prosjekt før fullfinansieringa er klar, der det er teke eit slikt atterhald. Men det skal ikkje stå på oss, lovar han.

Dersom fylket får på plass midlane som trengst, kan arbeidet i prinsippet ta til straks etter signering. Det er planlagt to års byggjetid, med fullføring sommaren 2016.

Prosjektleiaren meiner det skal gå greitt å handtera to slike prosjekt med kort avstand på Fv 7 – sidan arbeidet på Folkedalstunnelen også er i gang no. Han er meir usikker på om det vert sett i gang tunge arbeid på E16 i same perioden, som inneber at Fv 7 vil verta omkøyringsveg.

Planane for rassikring av Lussandberget omfattar ein 1500 m lang tunnel bak busetnaden på Lussand i tillegg til 400 meter veg i dagen på kvar side av tunnelen.