Med slike observasjonar kan han påstå at våren er opptil halvannan månad tidlegare ute dette året enn i fjor. Og fruktbløminga i Ulvik er i gang – om ein ser veldig stort på det.

Villplommer blømer alt i ei av dei varme skråningane ved fjorden.

– Fruktknoppane har kome langt, eg ser grøn spiss på summerred-trea, seier fagmannen.

– Det betyr at knoppane har opna seg litt på eplesorten som brukar å vera tidlegast ute. Moreller og plomme-knoppane er òg langt utvikla.

AVVENTANDE. Men fruktbøndene jublar ikkje av den grunn.

– Me er redde for å få tilbakeslag att, med streng kulde. To-tre minus går, men ikkje fem til ti minusgrader, når det er kome så langt som no. Frost kan øydeleggja fruktblomen, og kan også gje skade på epla. April er lunefull, og fem minus er ikkje noko nytt sjølv på 1. mai, minner han om.

Det er berre å nyta varmen ein har, sjølv om vinteren framleis kan koma i retur, resonnerer han. Om skilnaden er stor frå den kalde våren i fjor, er det like fullt uvanleg tidleg dette året. To-tre veker tidlegare enn eit normalår, ligg det an til.

– Men slår det om til kjølegare vêr kan det stå heilt stille òg, i to-tre veker.

– Når er det full bløming?

– I fyrstninga av mai, trur eg. 10.-15. mai, kanskje, svarar Hans Uglenes.

GODT FOR GRASET. Bønder som satsar på grasdyrking kan uansett sjå lyst på sommaren, meiner han. Fagfolka i forsøksringen spår gode grasavlingar, slik utgangspunktet er no.

Vinteren har vore fin for hagevekstane som Hans Uglenes har ansvaret for i planteskulen på Hjeltnes. I fjor fraus mange vintergrøne planter, i år ser det ut til å ha gått bra. Sydaust vind kan ha turka ut og skada i utsette område, har han likevel høyrt snakk om.

I planteskuleavdelinga er førebuingane til hagesesongen i gang. Med veksthus og kjølelager har Hans Uglenes sjølv kontroll over kor tidleg våren skal koma, for desse vekstane.