– Det har vore veldig kjekt!

– Lærerikt!

– Kjekt å klatra i masta!

– Fint å sjå sola glitra i fjorden!

Elevar frå skulen i Granvin har hatt ein strålande dag om bord i hardangerjakta, og applauderer for mannskapet etter å ha lagt til kai att i Granvin. Dagen har ført dei utover fjorden mot Utne, dei har heist segl og lært korleis livet er om bord i ei slik skute.

For over hundre år sidan var Mathilde ei frakteskute, og fjorden var sjølve hovudvegen. Elevane har også fått prøva seg som havforskarar, og har studert hoppekreps i mikroskop etter å ha henta opp prøvar av livet i fjorddjupet.

VERT NEPPE SJØFOLK. – Me såg film om fjorden, og me lærte om sikkerheit om bord, informerer jentene vidare. Dei har også prøvd seg på båtmannsknutar, og kome fram til at dei ikkje passar som sjøfolk. Litt skummelt kan det og vera om bord, har Anna Trå funne ut.

– Eg klatra i riggen og sto oppå der, og då vart det veldig vinglete, av bølgjene. Eg svaia fram og tilbake, forklarar ho.

Men eigentleg var sjøen veldig roleg, og så kjekt var det at dei tre gjerne vert med ut att ein annan gong.

– Men doane var veldig forvirrande, synest Sigrid Folkdal.

Rarast var det at det vart bekmørkt inne der, om nokon gjekk oppå det runde vindaga i taket, forklarar dei.

Skipper Curtis Anderson har ansvaret for elevar og mannskap. Elevane i 5., 6. og 7. årstrinn har hatt båtturen som eit tilbod gjennom den kulturelle skulesekken.

LÆRER OM LIVET I FJORDEN. – Vind og vêr avgjer korleis dagen vert. Stort sett er elevane veldig greie, slår han fast.

I år har dei havforskarar med på laget, som viser korleis dei arbeider. Dei tek vassprøvar, viser film og snakkar om tilstanden i fjorden. Skipperen har eit internasjonalt mannskap, slik det ofte er på sjøen. Denne dagen har dei heist breifokka og segla frå Utne over mot Kvanndal, før dei så fekk kraftig motvind, opplyser skipperen.

Etter kvart fekk elevane også klatra i riggen, slik Anna har fortalt om.

– Det er eit forsøk på å balansera mellom undervisning og leik, smiler Curtis Anderson.

Ved kai i Granvin nyttar mannskapet sjansen til å oppsøkja butikk, for i slikt finvêr må dei ha utstyr til å driva med vedlikehald om bord etter at skuledagen er over. I fire veker turnerer dei i Hardanger på museumstokt frå kai til kai.

Nær 400 elevar får sjansen til ein minnerik dag på fjorden.