I eit brev underteikna av 20 naboar og grunneigarar har i ein klage stilt spørsmål ved habilitet i sakshandsaminga, om handsaminga er i samsvar med god forvaltningsskikk, og om forvaltningslova er fylgd.

Klagarane meiner òg at folkevalde og tilsette i kommunen har brote sine eigne etiske retningslinjer i denne saka. Sven-Helge Pedersen er ein av underskrivarane på klagen, men ynskjer ikkje å kommentera men viser til klagen og kva dei har omtala der. I tillegg til å trekkja fram sakshandsaminga, har dei som før hatt innvendingar mot omfanget og lokaliseringa, peikar han på.

Dei er ikkje mot ei båthamn, i seg sjølv, legg han til.

Båthamna flytta

Dei 20 klagarane er anten grunneigarar eller på annan måte har tilknyting til det aktuelle området.

Dei hevdar at partane i denne saka ikkje har vorte handsama på ein likeverdig måte når det gjeld informasjon og rettleiing om korleis dei kan ivareta sine interesser, peikar dei på. Her meiner dei at dei ikkje har vorte møtt på ein måte som gjev dei tiltru til at deira interesser er ivaretekne på lik line med den andre parten. I denne saka er det Granvin båtlag som har fått utarbeidd planane for hamna.

Klagarane ynskte undervegs i saka at det vart laga ei konsekvensutgreiing, sidan området for båthamn vart flytta, og ikkje plassert slik som i kommuneplanen for Granvin. Dette er det ikkje teke omsyn til, påpeikar dei. Det får dei til å stilla spørsmål ved om leiaren i båtlaget og høgrepolitikar Hans Jakob Mæland har prøvd å påverka saksførebuinga, i strid med Granvin sine etiske retningsliner.

Dei meiner ein epost han sende til rådmannen kan tyda på det.

Meiner forvaltninga er partisk

Klagarane er heller ikkje nøgde med at sakshandsamaren, plansjef Ebbe Dam Meinild er også folkevald for Høgre, på same måte som leiaren i Granvin båtlag. Alt i alt meiner dei at forvaltningsorganet har vore partiske i denne saka.

Klagarane er også kritiske til at grunneigarar ikkje fekk koma til orde under ei synfaring i området i juni i fjor, medan det på same møtet vart delt ut ein skriftleg kommentar frå båtlaget. Også andre sider ved saksgangen er kommentert, og brukt som grunnlag for å konkludera med at dei er fullstendig overkøyrde av forvaltningsorganet.

Ordførar Ingebjørg Winjum opplyser at klagesaka vil koma til heradsstyret som sak, der dei vil ha valet mellom å ta klagen til fylgje, eller å halda fast ved vedtaket frå i februar. I så fall går saka vidare til avgjerd hjå fylkesmannen.

– Eg vil ikkje kommentera innhaldet i klagen direkte, for no skal administrasjonen ta ein gjennomgang av det som er påpeika i saka og koma med sitt framlegg.

– Ikkje spesielt vanskeleg

– Har dette vore ei vanskeleg sak å handtera?

– Ikkje slik eg ser det. Me har prøvd å fylgja dei retningsliner som gjeld, med høyringar og møte med grunneigarar, seier ordførar Ingebjørg Winjum.

Plansjef Ebbe Dam Meinild ser at det kan verta stilt spørsmål ved hans rolle, men han er usamd i kritikken som er framført.

– Eg var interessert i arbeidet til båtlaget, men då eg fekk jobben som plansjef i kommunen trekte eg meg ut av det arbeidet. Som medlem i heradsstyret er eg likevel ikkje medlem i Høgre, og eg har ikkje delteke på gruppemøte eller på andre måtar når denne saka har vore behandla.

Plansjefen forklarar at han hadde sagt ja til å stå på vallista, før han fekk jobben i kommunen. Det skal elles tungtvegande grunnar til for å koma fri frå eit slikt verv.

– Utgangspunktet for arbeidet mitt i denne saka er kommuneplanen, som legg føringar for arbeidet med å få til ei småbåthamn. Dette var vedteke alt før eg flytta til Granvin. Eg har prøvd å handsama partane mest mogeleg likt. Men dette er ei politisk sak, og det er ikkje eg som gjer vedtak. Difor ser eg ikkje heilt at argumenta om mi rolle har hald.

Politikarane si sak

Han skjønar likevel at ein kan få kjensla av å verta overkøyrd, om ein ikkje vinn fram med sine synspunkt. Han meiner saka er lagt fram på ein måte som viser konsekvensane av tiltaket, også dei negative, for politikarane.

– Innhaldet i planen og vedtaka kan ein vera ueinig i, men politikarane har ikkje valt å endra på dette, sjølv om dei er godt kjende med innhaldet, viser han til.

Hans Jakob Mæland har som leiar i båtlaget og folkevald for Høgre. Han avviser at han har vore med og påverka saka som politikar. Han har ikkje vore med på avgjerder i saka, og han meiner han som privatperson må ha rett til å ytra sine meiningar idet offentlege rom.

– Eg synest dei blandar korta i denne saka. Det er ikkje klaga på sjølve vedtaket om planen, men funne andre ting å trekkja fram. Eg tek ikkje det seriøst, seier han.