Hardanger markerte starten på sin del av grunnlovsjubileet, saman med Hardinglaget i Oslo, som kan feira ei hundre år lang historie. På scena steig hardingar i ulike grader fram med innslag som spela både på det tradisjonelle og det nyskapande.

Over 110 artistar stilte opp for eit venlegsinna publikum. Æresgjest denne kvelden var statsminister Erna Solberg, som brukte kvelden saman med både politikarkollegaer, grunnlovsvandrarar og mykje anna godtfolk.

– Det er hyggeleg å vera her, og det er eit veldig ambisiøst program, kommenterte ho då folk var på veg ut av salen i pausen.

– Kva skal til for at hardingane skal lukkast med å auka folketalet i regionen?

– Det er viktig å laga attraktive arbeidsplassar. Bukvaliteten er det ikkje noko i vegen med i Hardanger, men me treng innovasjon som skaper arbeidsplassar som ungdom ynskjer seg. Det vil verta ein viktig del av kommunane sitt arbeid i tida framover, meiner Erna Solberg.

– Og det er ikkje minst viktig med tanke på at me kjem til å verta fleire pensjonistar enn ungdommar i framtida, seier ho.

ERNA RØPAR IKKJE. Kva regjeringa legg opp til med tanke på kva kommunegrenser innbyggjarane i Hardanger vil få i framtida, har ho langt mindre å seia, denne kvelden.

– Det er me ikkje ferdig med, dette kjem i kommuneproposisjonen. Eg kan ikkje seia noko om det no, seier statsministeren, og viser til at dei ventar på ein ekspertrapport som dei har bede om, mellom anna.

Ho brukar pausen til å møta dei seks grunnlovsvandrarane frå Hardanger, imponert som ho er over innsatsen dei har lagt ned på vandringa til Oslo. Arne-Kristian Glück-Teigland som har leia vandringa, seier til Hordaland at alt eigentleg har vore ei opplading til denne framsyninga.

For han verkar det som om opninga av jubileet, Hardanger 2014, har vore vellukka. For hans eigen del kom den beste opplevinga så langt, midt under turen mellom Hardanger og Oslo.

– Det var ei kveldskøyring då me sløkte hovudlyktene og skrei i måneskinnet ned til Ranten i Hallingdal. I turr laussnø for fyrste gong denne turen, minnest han.

NYE LYDAR. Glück-Teigland hadde også regienpå det som skjedde på scenen dennekvelden.

Gisle Martens Meyer (Ugress) presenterte Lyden av Hardanger, slik hardingane aldri har høyrt det før. På rekkje og rad kom meir kjende innslag, som Geir Botnen, Arild Helleland, Knut Hamre og Benedicte Maurseth og mange andre spelemenn frå Hardanger.

Dansarar frå Ulvik folklore framførte spektakulær akrobatikk, lokka fram av felespel og jenter som lyftar hatten høgt. Arne og Sjur Hjeltnes batt saman ulike programpostar med sine eigne nye og ikkje fullt så nye verk, til godlynt humring bakover i benkeradene.

Og visst er dei hardingar, Arne Hjeltnes kunne prova det med tre av fire besteforeldre frå Hardanger. Publikum fekk også møta den nye musikken frå Hardanger. Benedicte Maurseth og Åsne Valland tok folkemusikken i ei ny retning, Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim held seg til populærmusikk. I tingingsverket «Hardanger 2214» med mellom andre Frank Kjosås og Heidi Marie Vestrheim vart det framført rock som fekk stolrekkene til å dirra. Standup-komikar Roar Brekke delte sine folkelivsskildringar frå Hardanger, med vekt på heimstaden Odda.

Herborg Kråkevik balanserte på den tynne linja ho såg mellom sjølvdigging og stoltheit over det ho kjem frå, og hadde ein rask dialektgjennomgang, for å få plassert hardingane i landskapet.

Då kora frå Hardanger framførte Brureferda i Hardanger vart det ikoniske måleriet omskapt og grundig fornya, takka vere illustratøren Lilly-Anne Kvam Lilletvedt.

Scenen var heile kvelden så godt som fri for fruktbløming. Men då artistane samla avslutta for kvelden tok dei «Når det blomstrer i Hardanger» – så ingen skulle vera i tvil om kva det er snakk om.