Ved utgangen av mars hadde 76.000 køyretøy passert over brua dette året. Det gjev eit snitt pr dag på 844, som berre er 72 prosent av dei oppsette prognosane for desse månadene.

1950 pr døger

Prognosane er utarbeidd med eit mål om eit årssnitt på 1950 pr døger, men for januar, februar og mars er det venta mykje lågare gjennomsnitt.

I juli er det til samanlikning venta opp i 4300 bilar i døgeret. – Me er sjølvsagt ikkje nøgde med tala. Helst hadde me sett at trafikken var det doble. Dette heng saman med trafikken over Hardangervidda, seier dagleg leiar i bruselskapet Einar Lutro.

Vanskar på vidda

Frå tidlegare registreringar av ferjetrafikk og trafikk over vidda, har han påvist at desse trafikktala heng nøye saman.

– Me ser at brua kan ha skapt ein del ny lokaltrafikk, og eg har ikkje fått tala frå vegvesenet som gjeld Hardangervidda enno. Men denne vinteren har det vore kollosalt mykje stengt over fjellet. Me får svar på kor mykje dette har å seia no når det vert meir farbart att.

Konsekvensane av trafikksvikten er at bruselskapet ikkje får betalt ned låna som er tekne opp, etter planen dei har utarbeidd for dei 15 åra med innkrevjing av bompengar.

– Men det er tidleg å konkludera om slikt enno. Me må ha sommartrafikken med. Det fyrste året er også tidleg, om ein ser dei 15 åra under eitt.

Einar Lutro har studert tala over trafikk i ulike kategoriar, og over inntektene som fylgjer med.

– Me har relativt mykje trafikk med køyrety som har autopassbrikke, men som betalar full pris. For å få rabatt må dei ha avtale med bruselskapet om det, peikar han på.

For halv pris

Fram til nyttår såg Lutro at trafikantane som då passerte betalte godt for seg, – det vil seia at ikkje så mange hadde sikra seg rabatt. På vinteren er ein større del av trafikantane lokale, der dei fleste har avtale om 50 prosent rabatt.

– Og det er verre for økonomien vår, påpeikar Lutro.

– I tillegg kjem alle dei med elbil som køyrer gratis?

– Nåja, tala våre viser at det er under ein halv prosent av trafikantane som køyrer elbil. For oss får ikkje det store verknaden, seier brustyreleiaren.