Dei store mendgene nedbør løyste ut massar 20-30 meter oppover i den grove ura under Joberget. Store steinar og tre hamna i vegen, utan at trafikantar vart trefte av det. Eitt køyrefelt vart rydda og trafikken vart sleppt på att etter ei tid.

Fredag har geolog vore på staden for å sjekka tilstanden, og byggeleiar Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen seier at dei vil venta til over helga med vidare opprydding. Då håpar han at massane har stabilisert seg.

- Då kan me fjerna litt massar og eventuelt setja opp ein mur mot skråninga, seier Aldal.

- Det kom ikkje heilt uventa, med så mykje nedbør som me hadde desse dagane, legg han til.