For sjette året på rad vert det arrangert eit rusfritt 16. mai-arrangement for ungdomar i aldersgruppe 13-18 år i Husemoen i Kinsarvik. Arrangementet er eit interkommunalt samarbeid mellom Ullensvang, Odda, Eidfjord, Granvin og Ulvik.

Ungdomskontakt Stig Hope og leiar for helse og velferd i Ullensvang herad, Torbjørn Reisæter, fortel at ei rekkje aktivitetar inngår i arrangementet, til dømes gokart, trail, cross, paintball, sumobryting, slakk line, bruskasseklatring, jumpe line, klatring og zip line. I år vert heile moroa avslutta med konsert med Robin og Bugge, får me opplyst.

16. mai-feiringa i Husemoen kom til som eit rusfritt og organsiert alternativ til tidlegare 16. mai-samkomer, for å gje ungdomen eit trygt og rusfritt høve til å koma saman og ha det hyggeleg.

Reisæter fortel at dei ventar så mange som 400 ungdomar denne kvelden.