Talentprosjektet Sans for dans i Noregs Ungdomslag har sleppt fem kortfilmar der dans vert utforska i ein ny setting. Halldis Folkedal frå Granvin står bak to av desse filmane. Ho er kulturrådgjevar på folkedans i Noregs Ungdomslag, men har også teke sjansen på å prøva ut ein ny arena for dansen.

– Eg har aldri arbeidd med film før, det er heilt nytt for meg! Så dette er debutfilmane mine. Det har vore veldig kjekt, eg har arbeidd saman med flinke folk, i eit godt samarbeid.

Hovudtanken har vore å visa tradisjonell folkedans i ei profesjonell setting, og det å utforska kombinasjonen mellom folkedans og film.

– Reint scenisk har det skjedd mykje innan folkedans den siste tida, me har fått kompani som Frikar, nemner ho.

– Men ikkje så mange arbeider med film.

Sett frå andre vinklar

I filmane har ein fleire verkemiddel for å få fram historiane enn på ein scene. Helst skulle ein kunna velja dei finaste omgjevnadene for slike innspelingar, men i desse tilfella vart det enklast og billegast å halda til på Bygdøy, i Paradisbukta mellom anna, forklarar Halldis Folkedal.

Eine filmen har tittelen Saman og åleine. Inspirasjonen kjem frå rudl frå Hardanger og Voss. Filmen viser dansen gjennom relasjonen mellom to unge.

– Når ein ser filmane, er det veldig individuelt kva ein ser. Nokon som har sett mykje dans, ser noko anna enn dei som ikkje har det utgangspunktet. Folk reagerer heilt annleis enn kanskje eg hadde tenkt, men det er fint det, synest Halldis Folkedal.

Den andre filmen ho står bak har namnet Supermarius. Filmen er inspirert av dataspelet Supermario, som hennar generasjon i si tid var svært oppteken av. Eitt av verkemidla er at alle dansarane i filmen har Mariusgenser. Dei skyt med snøballar, og når dei kjem i mål hoppar dei opp i tre, i staden for flaggstang, mellom anna.

Somme av sjåarane vil raskt kjenna att utgangspunktet for scenane, andre vil få noko å undra seg over.

Pirra ungdomane

– Eg håpar at videoane kan spreia seg, og skapa refleksjon rundt folkedans. Filmen er ein ny arena, men eg trur at eit nytt dansespråk er under utvikling. Den tradisjonelle dansen vert teken inn i nye samanhengar.

Halldis Folkedal understrekar også at dette er del av ei ungdomssatsing.

– Me ynskjer at ungdomar skal sjå dans, og verta nysgjerrige på dansen.

Filmane er lagt ut både på Youtube og Vimeo, og kan finnast ved å søkja opp Noregs Ungdomslag.