Elevar i 8. og 9. klassen står bak konserten som byr på kjendisar frå nabobygda, i form av The Vossa Rebels.

Ei gruppe på åtte elevar har produksjon for sal og scene som valfag, og har den siste tida planlagt og ordna alt som skal til for eit vellukka arrangement. No står det berre att å få mange til å koma på konserten denne torsdagskvelden!

Med til valfaget høyrer også å skapa blest om konserten, difor ein prat med Hordaland.

– Me håpar The Vossa Rebels vil lokka mange til å koma, dei spelar 50-tals musikk og dei er med i Norske Talenter, forklarerelevane.

– Og dei er nesten på alder med oss, me trur dei er mellom 10 og 14 år.

Fagansvarleg for gruppa og rektor i kulturskulen, Arnstein Klovning, har ordna kontakt med bandet. Pris er avtalt, men elles veit dei ikkje kva bandet vil ha av spesielle ynske frå arrangørane i Granvin.

– Dei skal få det dei vil, og dei skal kjenna seg velkomne, er granvinselevane samde om.

Oppvarmingsartistar

Publikum vil også få høyra Ulvik-bandet Seethrough, som oppvarmingsband. Dei deltok for ikkje lenge sidan på Ungdommens kulturmønstring, på fylkesmønstringa i Bergen.

Med på programmet denne kvelden er også ein av elevane i arrangørstaben. Elisabet Laingen Holven deltek med song – før vossingane får sleppa til.

Det er fyrste året skulen i Granvin har sal og scene som valfagtilbod. Innhaldet i faget kan spenna vidt, men elevane får vera med å bestemma kva dei skal jobba med. Tidlegare har dei laga innslag til Granvinnytt, som dei har vist på tven i vestibylen ved skulen.

Når dei held konsert må dei setja opp budsjett, ordna med ljos og lyd, kaffi og kaker. Dei har laga plakatar og billettar til kvelden, og lagt ut informasjon på nettsider og Facebook. Invitasjon til pensjonistlaget er også sendt.

For alle aldrar

– Dette er ope for alle, me trur det kan verta kjekt også for dei eldre. Flest mogeleg må koma, så me har plakatar også på Voss og i Ulvik, nemner dei.

Inntektene frå kvelden håpar dei kan brukast til noko kjekt. Noko bør også verta til startkapital for dei neste som skal ha dette som valfag, meiner dei.

– Kva lærer de av dette valfaget?

– Me får ansvar og lærer å takla det. Me lærer om pengar, om budsjett og korleis ein kan skaffa inntekter. Det er lærerikt å få innsikt i korleis ein skal arrangera noko, oppsummerer Inga Folkedal.