Dåp er vanleg på Finse, men det særmerkte med denne var at så vel faren til barnet og bestefaren var døypte her. Tora Opheim Nesbø var berre knappe tre månader på døypedagen, medan faren Kay Martin Nesbø vart døypt i same kapellet for 31 år sidan.

Far hans igjen, Erling Monrad Nesbø, vart døypt i kapellet for akkurat 60 år sidan.

Natt til palmesundag var det sterk kuling, og det var skikkeleg kuling i dei verste kasta også på dåpsdagen. Likevel, på Finse møter folk opp, ikkje mindre enn 30 var med på dåpsgudstenesta. Sanneleg var det også mange i både vosse- og sognebunad.

Alderspennet var høgt frå tre-fire år på dei yngste til to oldemødrer på vel 80 år. Røynde finsefolk ordna til, og finsepresten, som Øyvind Eide vert kalla med nær 50 år som brukar av høgfjellet, stod for gudstenesta.

Organist ordna dei òg med sjølve, Gert Erik Nesbø, bror til barnefaren, ein hylar på toradar, spelte vakkert på det flotte orgelet i kapellet. Dermed var det ein debutant i gudstenesta på orgel, medan Eide har døypt eit dusin born på Finse.

Så var det å pakka seg inn og koma til ny samkome etterpå. Ein av salmane for dåpen, var «Gjer døri høg og porten vid». Det er høgt på Finse, og endå høgare under taket!