Ulukka skjedde rundt 06-tida tysdag morgon. Vogntoget har køyrt utføre ved Fagerheim, om lag midt mellom Dyranut og Haugastøl. Det er såleis langt aust på vidda at utforkøyringa har skjedd. Vegen er open.

– Bilbergar er på veg, og vegen vil bli stengd i periodar under berginga av vogntoget og lasta, opplyser Vegtrafikksentralen vest.

Ifylgje opplysningar frå staden er trekkvogna der føraren sat, heller lite skadd. Derimot er det store skadar på tilhengjaren der mykje av fisken er lasta, og det er usikkert kor mykje av lasta som blir berga.

Det vert opplyst at det er glatt føre på fjellovergangane, og at bilførarar må utstyra køyretøya med dekk etter forholda.

Klokka 07.18 opplyser Vegtrafikksentralen vest på Twitter at Sognefjellet ikkje kan opnast som planlagt klokka 08 tysdag. Årsaka er det vinterlege føret. Ny vurdering skjer klokka 14.00.