Dagens Vekohove er ei spalte som går kvar dag under Ekstremsportveko. Her vert du betre kjent med folk på Veko.

– Korleis ser baseprogrammet ut på Veko i år?

– Heliday-konkurransen skulle gått tysdag, men er utsett til onsdag. Det var litt usikre vêrmeldingar med tanke på tryggleiken. Onsdag ser svært bra ut. No vert det hopping i løpet av tysdagen også, men dette er utanom sjølve programmet. Resten av veka vert det hopping alt etter som kva vêr og vind, seier Hege Ringard, som er greinansvarleg for basehopp.

Hege Ringard

  • 44 år.
  • Greinansvarleg i basehopp på Veko.
  • Jobbar på Crux Styve gard, og som assistent.
  • Frå Horten, men har budd åtte år på Voss.
  • Har 500 basehopp.
  • Kallar seg sjølv for Veko-nerd.

– Kva gler du deg mest til som greinansvarleg under Veko?

– Det ærlege svaret er at eg gler meg til den offisielle hoppinga er over, slik at eg kan hoppa sjølv og berre nyta livet med fjellturar, hopping og treffa vener som eg ikkje har sett på ei stund. Eg likar å vera publikum på andre greiner. Det er vel kanskje ikkje lov å svara sånn?

– Kva er det viktigaste som arrangør under i basehopping?

– Tryggleik og vêret er det aller viktigaste. Det fyrste kan me gjera noko med, og deltakarane er erfarne og svært dyktige på dette. Det andre fører ofte til utsetjingar. Sikta må vera god, og det hender rett som det er at me får utfordringar med vind.

– Kva har vore det mest dramatiske du har opplevd som greinansvarleg?

– Det er utan tvil dødsulukka i 2017, då amerikanske Micah Couch omkom i eit basehopp. Då var det viktig å ta seg av familien hans, som kom til Voss frå mange land.

– Kor lenge har du vore med på Veko?

– Eg er ein skikkeleg Veko-nerd. Eg har vore med på alle utgåvene, bortsett frå den fyrste. Det er herlege vibbar her. Eg var greinansvarleg i fem år til 2019, og er det igjen no i år.

– Du hamna i ung alder i ei dramatisk ulukke. Fortel kva som skjedde?

– Då var eg sikker på at eg skulle døy. Eg var berre 18 år då eg krasja mot ei fjellhylle. Eg hadde latterleg flaks som ikkje fall ned frå hylla. Det gjekk bra med meg, men eg vart livredd. Eg fekk ein lærepenge. Eg hoppa ikkje på 10-11 år etter dette.

– Kva gjorde at du byrja å hoppa igjen så lenge etter ulukka?

– Eg var på ein fjelltur, og så stod eg og såg ned frå toppen. Då fekk eg lyst til å prøva igjen, så litt seinare hoppa eg på nytt. Og sidan har eg hatt det utruleg kjekt med hoppinga.

Det er betre med ein fjelltur og frisk luft enn å sitja på eit fly med lukt av drivstoff og promp.

Hege Ringard

– Kva er det som er så bra med basehopp?

– No i vaksen alder er det litt annleis enn då eg var 20 år. No set eg endå meir pris på fjellturen med vener opp til toppen. Og sjølve hoppinga er ei herleg kjensle og utruleg kjekt.

– Kvifor flytta du til Voss?

– Veko, naturen og vener var nok hovudgrunnane til at eg kom hit i 2014. På grunn av Veko kjende eg godt til bygda og hadde alt mange vener og kjende her.

– Hoppa frå fly eller fjell?

– Det er betre med ein fjelltur og frisk luft enn å sitja på eit fly med lukt av drivstoff og promp.

Les også

Sjipparen på paragliderskuta: — To månader etter at eg knekte ryggen reiv eg av meg venstrearmen

Les også

Opningsgeneralen