– Det er no me må erkjenna det ingen vil seia, men som alle har høyrt: Det er ingen veg utanom at det blir færre tilsette per pasient, sa Bovim under rapportframlegginga torsdag.

– Me kan ikkje sjå for oss noka politisk retning, politisk initiativ eller satsing som overdøyver dette. Det er ingen veg utanom færre tilsette per pasient. Det hjelper ikkje med ein milliard her og ein der, det blir færre tilsette per pasient. Ikkje færre enn i dag, men per pasient.

Dei siste 20 åra har det vorte 40.000 fleire over 80 år i Noreg. Frå 2020 til 2040 blir det 250.000 fleire.

– Og det blir ikkje fleire i arbeidsfør alder, det blir fleire som treng oss, sa han.

– Er optimistar

Denne veksten held også fram etter 2040.

– Me må arbeida vidare med dette på lang sikt.

Han sa vidare at utvalet er optimistar.

– Me har forslag som me meiner sørgjer for at me får dette til på ein god måte, sa han.

Bovim meiner Noreg har eit godt utgangspunkt for å takla denne endringa og viser til at Noreg i dag har flest helsetilsette per 1.000 innbyggjarar i Europa.

Han viste også til at veksten i etterspurnaden etter arbeidskraft i spesialisthelsetenesta kjem til å auke. I 2040 er den antekne etterspurnadsveksten i sjukehusa 50.000 fleire årsverk i sjukehusa enn i dag, og rundt 100.000 fleire i kommunane.

– Veldig klart

Helsepersonellkommisjonen la fram rapporten sin torsdag og slo fast at det må bli færre tilsette i helsevesenet per pasient i åra framover.

– Dei seier det veldig klart. Det blir færre fagfolk per pasient framover. Det må møtast med fellesskapsløysingar som me alle står bak, seier Kjerkol.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) seier at rapporten er eit uhyrleg viktig bidrag og ei påminning om at dei demografiske endringane i åra framover vil endra samfunnet på ein måte me kanskje ikkje forstår enno.

– Eg har pleidd å seia at me går tom for folk i Noreg før me går tom for pengar. Det er ei spissformulering, men det er også noko i det, seier Borten Moe.

(©NPK)