Gå til sidens hovedinnhold

Her er laget til verdscupopninga

Vossingen Sjur Røthe gjekk inn til 2. plass på 15 kilometer skøyting på Beitostølen. Han vart berre slått av Harald Østberg Amundsen. Ingen av desse går verdscupopninga.

Etter sesongopninga på Beitostølen med helga, offentleggjorde landslagsleiinga måndag klokka 13.15 den norske troppen på 19 løparar. Elleve kvinner og åtte menn.

På herresida var Johannes Høsflot Klæbo, Emil Iversen, Hans Christer Holund, Simen Hegstad Krüger og Pål Golberg var tekne ut til troppen før renna på Beitostølen.

Dette seier trenaren

- At laurdagens renn var viktig vart kommunisert til løparane i forkant, då me har få uttaksrenn og må prioritera knallhardt på enkeltdistansar inn mot uttaket til OL i Beijing. Derfor fekk Erik Valnes den siste distanseplassen, seier landslagstrenar allround Eirik Myhr Nossum og legg til at i ein «vanleg» sesong hadde nok Harald Østberg Amundsen fått sjansen.

Lillehammer neste

Runde to i verdscupen går på Lillehammer. Her er det sprint, 30 kilometer med skibyte og stafett på programmet.

– Eg ynskjer å gå i Finland, men det er ingen krise om eg må stå over. Det er på Lillehammer eg må gå, har Sjur Røthe tidlegare sagt til Hordaland.

Noregs tropp

Uttatt kvinner sprint:

Falla, Maiken Caspersen – Strandbygda IL

Myhrvold, Mathilde – Vind IL

Stenseth, Ane Appelkvist – Grong IL

Svendsen, Anna – Tromsø SkiklubbWeng

Lotta Udnes – Nes Ski

Weng, Tiril Udnes – Nes Ski

Uttatt kvinner distanse:

Haga, Ragnhild – Aasen IL

Johaug, Therese – IL Nansen

Kalvå, Anne Kjersti – Lundamo IL

Weng, Heidi – IL BUL

Weng, Tiril Udnes – Nes Ski

Østberg, Ingvild Flugstad – Gjøvik SK

Uttatt menn sprint:

Golberg, Pål – Gol I L

Iversen, Emil – IL Varden Meråker

Klæbo, Johannes Høsflot – Byåsen IL

Taugbøl, Håvard Solås – Lillehammer SK

Valnes, Erik – Bardufoss og Omegn IF

Wiig, Sivert – Gjesdal IL, Team ELON Vest

Uttatt menn distanse:

Golberg, Pål – Gol IL

Holund, Hans Christer – Lyn Ski

Iversen, Emil – IL Varden Meråker

Klæbo, Johannes Høsflot – Byåsen IL

Krüger, Simen Hegstad – Lyn Ski

Valnes, Erik – Bardufoss og Omegn IF

Les også

Røthe slo til med 2. plass – kan vera aktuell for verdscupen

Les også

Turtveit overraska med 5. plass på sesongstarten: – Håpar på plass i verdscupen

Kommentarer til denne saken