I 14.30-tida fredag har Vangsvatnet stige langt innover Voss Camping. Her er det fullt kaos, og folk og bilar går på kryss og tvers inne på området.

– Det er aldeles kaos her. No må dei få gjort noko med dette Vangsvatnet! ropar osterøyningen Rune Hagebø.

Han har hekta på vogna si på bilen og får hjelp av andre campinggjestar til å komma seg derifrå.

– Eg har hatt fastplass her i to år, og har ikkje vore med på slik flaum her før. Eg tenkte no mitt i går, men i dag gjekk det ikkje lenger. I dag berre fossa vatnet inn, seier Hagebø.

Stressa campingssjef

Rundt på området svirrar assisterande campingsjef Jan Wittebrood. Campingssjefen Sandy Mathieson er på ferie i New Zealand.

– No handlar det berre om å få varsla folk, få stengt av strømmen og få folk vekk herifrå. Dei får stå oppe på parkeringsplassen over her inntil vidare, seier Wittenbrood.

Det er ikkje fyrste gongen at nederlendaren er med på flaum.

– Eg har gjort dette før, i 2004. Då var også Sandy på ferie! Men så lenge me får alle vekk no, så går dette fint. Eg kjem til å vera i beredskap her ut over natta, seier han.

Trur på ein meter til

Flaumtoppen er venta å komma fyrst i morgon føremiddag.

– Eg reknar med at vatnet vil stiga iallefall ein meter til fram til då, seier Wittebood.