Det pågår for tida eit omfattande sikrigsarbeid i Dalseidtunnelen på E16. Det har vore manuell dirigering her dei siste vekene, og no varslar Vegtrafikksentralen at det vert lenger ventetid.

– Arbeidet gjer at det ved enkelte høve kan verta opp mot 40 minutt venting for å passera i tunellen, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest, Eirik Rystad Skånøy.

Fram til torsdag

– Kor lenge kan folk forventa å venta så lenge?

– Arbeidet føregår frå klokka 07-19 kvar dag fram til torsdag, seier Rystad.

Det er Presis Vegdrift som står for arbeidet, og det er manuell dirigering på begge sider av tunellen.

– Arbeidet er venta å vera ferdigstilt 3. november, men det er berre desse dagane denne veka det er venta å vera så lang ventetid, presiserer Skånøy.

Dalseidtunnelen ligg mellom Dale og Bolstad.