Dagens Vekohove er ei spalte som går kvar dag under Ekstremsportveko. Her vert du betre kjent med folk på Veko.

Me er i Strandaelva og elvebrett-tevlinga er nett avslutta.

Utanfor bilvindauga stå det ei dame med flagrande hår, sjølv om det ikkje er så mykje vind å snakka om.

– Kan eg fekk sitja på?

Kor skal du?

– Eg skal på Inside på Vangen.

Tove Følid

62 år.

Prisløna hobbyfotograf som er på Veko kvart år.

Frå Sydneshaugen i Bergen.

Medlem i Bergen Kameraklubb sidan 1990.

Er utdanna kokk og forskningsteknikar.

Er no ufør, men var tidlegare kokk på Hotel Rosenkrantz, og har drive med medisinsk forskning.

Mista sonen i Sleipnerulukka, er leiar i støttegruppa.

Er veldig glad i Veko, men elskar Brann.

Eg ser du har flekkar på fotosekken din. Kva kjem det av?

– Du må klatra rundt omkring for å finna bra stader å ta bilete, og då vert ein skiten. Men det har gått bra, eg går forsiktig. Eg har dyrt utstyr med meg eg, veit du.

Korleis var forholda i dag?

– Kjempebra. Heldigvis ikkje skarpt sollys. Då er det lettare å ta bilete. Eigentleg perfekt vêr for foto.

Kva er favorittsporten?

– Eg er veldig glad i fotball, då. Og er du frå Bergen, så er det Brann.

Kva er favorittgreina på Veko?

– Det er dødsing på Demmo. Det er eit av hovudpunkta på programmet mitt. Der har eg ein eigen stein som eg får stå på nede ved vasskanten. Og så vert det vel litt longboard, tenkjer eg. I Skjervet plar eg liggja i ein sving der.

– Jaudå, eg får med meg det meste. Eg set alltid av den siste veka i juni.

Tove Følid (62)

Kor mange gonger har du vore på Veko?

– Uff, eg har ikkje tal på det. Eg plar koma kvart år, tek masse bilete og deltek i internasjonal tevlingar. Eg har vore her så mange gonger, sidan 2000, kanskje.

Kva gjer du når du ikkje er på Veko?

– No er eg ufør, men eg har tidlegare jobba som kokk på Hotel Rosenkrantz i Bergen, eg var dagleg leiar på ein kafé i Fyllingsdalen og eg har jobba med medisinsk forsking.

Kva hende?

– Fyrst fekk eg diabetes som gjorde at eg tok ny utdanning innan medisin. Så fekk eg brystkreft i 2005, der medisineringa gjorde at eg til slutt måtte uføretrygda meg, sjølv om eg ikkje hadde lyst.

Noko meir?

– Eg mista sonen min i Sleipnerulukka. Wim vart berre 18 år. Han var min favoritt som fotomodell. No er eg leiar for støttegruppa etter ulukka.

Kor mykje betyr fotograferinga for deg?

– Det er min store hobby. Eg har vore leiar, nestleiar og styremedlem i Bergen Kameraklubb, og er no utstillingsansvarleg saman med ei venninne. Eg har delteke i fotokonkurransar både nasjonalt og internasjonalt, og vunne ein del premiar.

Har du vore mykje på Voss utanom Veko?

– Eg har vore her og spelt old girls-fotball. Då spelte eg for Djerv, for damer over femogtjue.

Me er framme ved Inside ved Langebrua.

Er det ikkje litt ekstremsport å halda med Brann, då?

– Nei då! He-he. Brann er jo best!

Var du her då Brann banka Voss i cupen?

– Nei, men eg såg det på tv.

Det var synd at ikkje Voss fekk det fyrste målet for å få litt stemning i kampen.

– Nja...Veit ikkje om eg er heilt einig i det. Det var litt nivåforskjell i den kampen.

Attende til Veko.

Kva anna likar du å fotografera under Veko?

– Kajakk, spesielt når dei går utfor desse store fossefalla. Det er jo fantastisk! Eg har fotografert det også, sjølv om det ikkje er ein del av tevlingane på Veko. Eg har vore i Åsbrekkegjelet, i Myrkdalen og andre stader. Eg likar også godt sykling, spesielt på desse rampane.

Det er råd å møta på deg fleire stader då, no under Veko?

– Jau då, eg får med meg det meste. Eg set alltid av den siste veka i juni.

Les også

Vekohove i to generasjonar