– Me er på jakt etter eit lokale sentralt på Vangen. Me har vore i dialog med nokre huseigarar, men ingen ting er avgjort til no, seier Ingvil Aaen Torpe.

Styret i Hordaland Bladdrift har alt vedteke at avisa skal flytta ut av lokala på Svartenakken til eit nytt lokale sentralt på Vangen. Tidlegare i år flytta trykkeriet frå Svartenakken til moderne lokale på Istadmyrane. Dette er hovudårsaka til at avishuset er i største laget for dei om lag 20 tilsette på Svartenakken.

– Me har god plass, men me får likevel ikkje utnytta plassen godt nok. For at me skal greia å utvikla oss og vera i takt med lesarane sine behov, er det viktig at me har lokale som legg opp til fleksibilitet, openheit og samhandling. Me treng å vera til stades der folk samlast, ikkje gøyma oss bort, meiner Aaen Torpe, som tok over sjefsstolen etter Guro Valland i sommar.

Møteplassen

– Vangen er ikkje berre sentrum i vossebygda, men òg ein viktig møteplass for folk elles i regionen. Det er ein av grunnane til at me no er på utkikk etter nye lokale sentralt på Vangen, slik at me kan verta meir synlege og tilgjengelege både for vossingar og andre som er innom bygda.

Når avisa er på plass på Vangen, er ho usikker på.

– Me har det ikkje travelt. Det viktigast er at me finn dei rette lokala for oss. Det er eit stort bygg som skal tømmast her me er i dag, og den jobben vil me uansett setja i gang med i næraste framtid., seier Aaen Torpe. Ho meiner det også er ein miljøvinst ved flyttinga.

– Eit mindre lokale brukar mindre energi, seier 40-åringen.

Ho opplever at dei tilsette er klare for å flytta på seg og ser fram til ein enklare arbeidskvardag i meir tilrettelagde lokale. Ein kjapp spørjerunde hjå nokre tilsette gjev forskjellige svar. Nokre gler seg til å koma til Vangen og moderne innreia lokale. Andre meiner potensialet på Svartenakken er svært stort.

Flyttar heim

Tidlegare daglege leiarar og eigarar i avisa Astrid Kløve-Graue og Ingrid Kløve-Graue fortel at avisa kom ut for fyrste gong i 1883 under namnet Vossebladet. Bladet vart ei stund trykt i Bergen. Men etter nokre år stod pressa i det som seinare vart N.J. Finne sitt forretningshus på austre Vangen.

– I 1897 sto Ungdomshallen, midt på Vossevangen, ferdig, og Hordaland flytta dit. Trykkeriet kom på plass i kjellaren der, og vart verande i desse lokala heilt fram til 1975. Ekspedisjonen held også til her, medan redaksjonen var i 3. høgda i nabobygget Voss Avhaldskafe, fortel Kløve-Graue. i 1975 flytta avisa til Kyrkjebø, medan trykkeriet vart å finna på Lekvemoen.

Lokalavisa flytta til Svartenakken i 1992. Dette var fyrste gong i avisa si historie at alle avdelingane var samla i same lokale. På det meste har det jobba rundt 40 personar her, fordelt på avisredaksjon, marknadsavdeling og trykkeri.