Under Bergen Journalistlag si prisutdeling «Gullparaplyen» stakk Hordaland-journalistane Sara Finne, Ørjan Brattetveit, Marit Folkedal Lussand og Bjørn Sandnes av med prisen i kategorien «årets lokale sak».

Dei vann for artiklane dei har skrive om pasientreiser på Voss, og fekk delt ut prisen i Bergen på Grand Hotel Terminus. Prisutdelar var Trude Drevland.

– Dette var kjekt, og med desse sakene er det gjort godt arbeid. Det har vore nokre spesielle saker, og mange journalistar har bidrege. Det har vore eit lagarbeid, og difor ekstra stas å vinna pris, seier Ørjan Brattetveit og Sara Finne etter utdelinga.

Journalist Ørjan Brattetveit skreiv den fyrste artikkelen i serien om Ellen Marie Midttun (92) som måtte liggja på golvet i taxibussen.

– Det var ei forferdeleg historie, og det var sterkt å møta dei involverte, fortel Brattetveit.

Om prisutdelinga

  • Hordaland-journalistane Sara Finne, Ørjan Brattetveit, Marit Folkedal Lussand og Bjørn Sandnes vann «Gullparaplyen» for årets lokale sak om pasientreiser.
  • Hordaland var nominert med tre av fem lokalsaker;
  1. Flukta fra skulestad (Avisa Hordaland): Ørjan Brattetveit, Marita Saue Hamre, Rolf Tepstad

  2. Straumbommen (Avisa Hordaland): Terje Hjartnes, Jan-Egil Dyvik
  3. Juvik og bryggesaken (Askøyværingen): Anne Jo Lexander
  4. Lærar-sakene (Avisa Nordhordland): Sirill Heimdal, Synne Grimen Hammervoll
  5. Pasientreiser (Avisa Hordaland): Sara Finne, Ørjan Brattetveit, Marit Folkedal Lussand, Bjørn Sandnes
  • Prisutdelinga er arrangert av Bergen Journalistlag, det nest største lokallaget av Norsk Journalistlag.
  • Den blir arrangert fredag 20. mai på Grand Hotel Terminus i Bergen.

– Kjekt med anerkjenning

Journalist Sara Finne tok saka vidare, og jobba med å få innsyn i mellom anna kontraktane mellom Christiania Taxi og Helse Bergen.

– Fyrst og fremst er det veldig kjekt at sakene får anerkjenning. Me er stolte av det me har utarbeidd, seier Finne.

– Etter den fyrste saka rann det inn med tips om liknande historier, og me måtte bestemma oss for kva neste steg skulle vera. Me måtte gå djupare inn i saka, og grava meir. Med hjelp frå redaktør Guro Valland fekk eg utarbeidd saker som viste brot på kritikkverdige forhold knytt til pasientreisene for fleire vossingar, legg Finne til.

I prosessen vart det avslørt at etter at det Oslo-baserte taxiselskapet tok over pasientreiser på Voss i februar 2020, var det fleire brot på kontrakten mellom taxiselskapet og Helse Bergen.

– Eg vart besett då eg jobba med det. Eg vart prega av historiene, og det var frustrerande til tider, seier Finne.

– Hald trykket oppe

– Dersom du skal trekkja fram ein ting du har lært i prosessen, kva er det?

– Å ikkje sleppa sakene. Me kunne ha slutta, men eg har lært at ein tek seg tida til å gå djupare i saker. Halda trykket oppe.

Det heile enda med at Christiania Taxi vart avvist i anbodsrunden, og Voss Taxi overtok pasientreiser 1. februar 2022. Marit Folkedal Lussand og Bjørn Sandnes har også vore med å utarbeidd artiklar knytt til pasientreiser.

Nøgd redaktør

Konstituert redaktør, Terje Hjartnes, er nøgd med journalistane sine.

– Det er svært gledeleg at sakene til Hordaland vert lagt merke til på denne måten. Sakene om pasientreisene var viktig journalistikk om ei samfunnsteneste som betyr mykje for dei ho er til for, ofte eldre menneske i sårbare situasjonar. Dette var krevjande saker å jobba med, med kjelder som var vanskelege å få til å stilla opp. Her jobba journalistane tolmodig og standhaftig for å få ut den naudsynte informasjonen. Sakene om pasientreisene er eit godt døme på viktig og god journalistikk, seier han.

Hordaland var nominert med tre av fem saker i denne kategorien.

– Som avis kan me også vera stolte av at tre av fem nominerte saker i kategorien årets lokale sak var våre saker, og at me er nominerte i kategoriane årets unge talent og årets foto også, legg Hjartnes til.

I tillegg til dette var journalist Solgunn Flatebø Mandelid nominert i kategorien «årets unge talent» og fotojournalist Vidar Herre var nominert i kategorien «årets foto».

Les også: Pasientreiser til Voss Taxi: Jan Olav (27) feirar med flunkande nytt drosjeløyve og ny bil

Les også: I dag tok Voss Taxi over pasientreiser att. Ingebjørg Kvitne (79) var ein dei som fekk skyss