– Me byter ut motoren, kan du seia. Men me får òg nytt panser. Tysdag får Hordaland ny nettavis og torsdag vert det nytt design på papir. Målet er eit meir robust Hordaland som styrkjer seg for framtida, seier Guro Valland, ansvarleg redaktør og dagleg leiar.
Avisa kjem til å sjå annleis ut, både på nett og i papir, men Valland seier at Hordaland vert til å kjenna att.
– Det skuldast i all hovudsak innhaldet vårt, som ikkje skal endrast. Og her skjer det, og vil skje, mykje bra. Eg håpar lesarane tek godt imot det nye designet.
I sommar vart det kjent at Hordaland inngår samarbeid med Amedia, Noreg sin største eigar og drivar av lokalaviser i Noreg. Hordaland er framleis eigd av lokale eigarar, men samarbeidet gjev mediehuset tilgang på omtrent alt av system og løysingar som vert brukt av fleire titals andre lokalaviser i Noreg. Det er tidlegare sagt at det ikkje er planar om sal av Hordaland.
Ny strategi
Endringane er ein del av ei større fornying av mediehuset. Hordaland sin nye strategi er å satsa meir på kjerneverksemda til avisa.
– Me skal laga meir kvalitetsjournalistikk til abonnentane og tilby gode annonseprodukt til lokalt næringsliv. Amedia-plattforma gjev oss draghjelp til å kunna meistra dette, seier Valland.
Innhaldet vert det same sjølv om designet endrar seg, iallfall per i dag.
– Men det er ikkje tvil om at samarbeidet med Amedia gjev oss tilgang på sterkare fagmiljø som kan bidra til å utvikla oss. God journalistikk er det viktigaste me kan gje abonnentane våre, fortel redaktøren.
Fleire tilsette i redaksjonen
For å nå målet om meir kvalitetsjournalistikk seier ho at redaksjonen må utvidast.
– Hordaland har flinke folk som står på og leverer godt innhald kvar einaste dag, men for å utvikla oss, må me verta fleire folk i redaksjonen og me må organisera oss på ein smartare måte. Begge delar er me godt i gang med, og eg ser fram til å skapa ein meir robust og moderne redaksjon til det beste for avisa og lesarane.
Ny pålogging
Etter kvart må abonnentane òg logga inn med aID på nettavisa. Dette er Amedia si eiga påloggingsløysing. Her kjem det meir informasjon om korleis du loggar deg inn når løysinga er på plass, etter planen i byrjinga av november.
– Særs mange av abonnentane våre har alt god røynsle med den digitale avisa vår, så eg kjenner meg sterk i trua på at dette skal gå rimeleg fint. Om ikkje skal du få god hjelp, seier Valland.